Teigdalen

På veg ned frå Nesheimsfjellet kan ein sjå Brekkhus og Århus som ligg øvst i den 13 km lange Teigdalen. Herfrå kan ein køyra anleggsvegen inn til Vola i Stølsheimen. Teigdalen er ein smal dal omgitt av bratte fjell. På veg gjennom Teigdalen kan ein sjå fleire veglause fjellgardar høgt oppe i fjellsidene. Nasjonal Sykkelrute nr. 4 går også gjennom Teigdalen. I Teigdalselva er det både brunaure og laks som kjem opp frå Evangervatnet. Det er særlig mykje brunaure, og den er svært fin. I Teigdalen og på Evanger vert det produsert forskjellige kjøttprodukt, særleg pinnakjøttet er kjent over heile landet. I Teigdalen er det noko for kvar ein smak.