Bergsdalen

Frå Dale mot Hamlagrø svingar fylkesveg 314 opp langs fjellsidene. Trong og vill kan innfallsporten til dalen sjå ut til å vere, men når du kjem ovanfor ”svingane”, opp til demninga på Storefossen, opnar landskapet seg, og Bergsdalen vil ta vel i mot deg.

Dei første gardane på Fosse ligg på om lag 400 m.o.h., og om lag 15 km lenger oppe i dalen ligg Rødland på om lag 550 m.o.h. Dei fleste som bur her er knytt til jordbruk. Mjølkeproduksjon, sauehald, og på Lid, jordbær. Bergsdalshytta og Bergsdalstunet m/Vikinghuset er vår førebels satsing på turisme. Og så er det ein del hytter.

”Sentrum” i dalen finn ein på Lid. Ei vakker kyrkje, bygd i stein, grendahus og, inntil i år, skule. Alt samla på same staden. Her begynner og stien til ei av Bergen Turlag sine mest brukte hytter, Høgabu.

”Den som har gått i Bergsdalsfjellene vil ikkje glemme dem”.

Dette er sitert etter prof. Anders Kvale som brukte mykje tid på å studere den spesielle geologien i området. Og han har rett. Det er eit fantastisk område å gå i, sommar som vinter. Om du vel turisforeninga sin merka ruter eller finn dine eigne stiar, fjella her må opplevast. Den gamle militærvegen frå Småberkke til Kvitingen i Samnanger er ei mykje brukt rute. Runesteinen ved Gulltjørna er ein naturleg stopp på turen.

Bergsdalselva er sterkt prega av kraftutbygging og har normalt liten vassføring. BKK si ”vogge” sto her. Ein del tersklar er bygd for å bøte på dette, og fleire kjem. Auren leikar i alle høler, og om ikkje storleiken på fisken er allverda, det er umulig å ikkje få fisk. I fjellvatna lurer større eksemplarer av arten, det er berre å prøve.

Mykje, mykje meir kunne me ha fortald om dalen, men me stoppar her. Kom og besøk oss.