Eksingedalen

Eksingedalen byrjar etter Eidsland, og buktar seg omlag femti km oppover til Gullbrå.

Med sitt variert elvelandskap er Eksingedalen ein særs vakker dal, kjent for sin ”Levande Fosselandskap” image. Midtre del av dalen inneheld dramatiske fossefall som går over 2 km med ca. 120m høgdeforskjell. Dei tre mektigaste fossane i dette partiet er Fossfossen, Storeglupen og Vetleglupen. Andre store og flotte fossar i dalen er Bergofossen, Flatekvalsfossen og Stavleifossen, men det er også mange små fossar og ville stryk.

Eksingedalen har eit fantastisk ski og tur terreng, og er inngangsporten til Stølsheimen og DNT hyttenettverk. Her er det også mange merka stølsvegar, og Nasjonal Sykkelrute nr.4 går gjennom Eksingedalen. Mellom Lavik og Flatekval er det ei kultiveringssone for fiske som er populær, særlig for fluefiske. I Øvre Eksingedalen er det to anleggsveger som gjer det lett å komme seg langt inn i fjellet.

Ein vakker dal som kan tilby mange varierte utendørs aktivitetar!