Evanger og Bolstad

To historiske perler og nabobygder langs Sløyfa er Evanger og Bolstad. Den gamle Konge- og postvegen mellom Bergen og Christiania gjekk gjennom desse stadene.

Evanger har røter som kyrkjestad heilt frå 1300-tallet. I 1923 brann alt ned bortsett frå kyrkja og skulehuset. Trehusa som vart bygd oppatt representerer det største samanhengjande bygningsvernområdet i Voss kommune. Evanger ligger fint til ved utløpet av elva Vosso og Evangervatnet. Minnesota governør og senator Knute Nelson kom herfrå, og barnsdomsheimen står framleis på garden Kvilekvål litt utanfor sentrum. Om hausten kan ein kjenne den gode lukta frå røykehusa til Eldhus AS. I dag er Evanger ein levande liten landsby.

Etter det sju km lange Evangervatnet, kjem ein over i Bolstadelva som er ei svært kjent lakseelv. Elva var populær for dei engelske lakselordane.

Bolstadøyri er ei lita stasjonsgrend med mykje å sjå. Her finns det ei 35 m høg gran som vert pynta med ljos kvar jol. Det er mange gamle trehus, det eldste eit gjestgjevarhus frå 1660.

Frå kyrkjegarden er det nydeleg utsyn over elva og fjorden. Her finn ein óg eit lite museum omkring ein tømmerflåte slik dei brukte han via Bolstadfjorden til Bergen. Ut langs begge sider av Bolstadfjorden er det små gardar, bl.a. Tyssen, Verpelstad og Furnestreet.

Eit besøk til Evanger og Bolstad er ei reise tilbake i tid i det historiske vestlandsbygdar.