Fiske i Den Grøne Sløyfa

Den Grøne Sløyfa er eit eldorado for sportsfiske i sjø, elv eller vatn. I Ekso, Modalselva og Teigdalselva kan ein fiske etter laks og sjøaure.  Nærbutikkane våre informerer deg om fiskekort og om båtleige i elv og vatn. Midt i Eksingedalen har Ekso Villfisk i fleire år drive kultiveringsarbeid, og ei elvestrekning på 8 km er spesielt tilrettelagt for flugefiske. Her kan ein leige båt, og er ein heldig kan ein oppleve at brunaure på over kiloet slår etter fluga. Nærbutikken på Lavik gjev deg meir informasjon. 

Fiske i Den Grøne Sløyfa gjev avkopling  og ro i sjela for travle menneske som ynskjer å slappe av i vakker natur.