Vandring i Den Grøne Sløyfa

Den Grøne Sløyfa er den naturlege innfallsporten til nokre av dei vakraste fjellområda på Vestlandet.  I Bergsdalsfjella og Stølsheimen har Bergen Turlag og Voss Utferdslag mange sjølvbetjeningshytter, og frå Sløyfa er det T-merka ruter til fleire av desse hyttene. 

Ein kan óg ta fine dagsturar på godt merka sti til dei fleste stølane i Sløyfa.  I Eksingedalen kan ein fylgje Reitlevegen, den gamle ferdselsvegen gjennom dalen, og på Bolstad kan ein fylgje Reislevegane til Øvstedalen. 

Den Grøne Sløyfa kan også tilby guiding med lokalkjente guidar.