Modalen

Gardane i Modalen ligg på gamle, grøderike sjø- og elvebotnar- mellom Mofjorden og Steinslandsvatnet. Heilt frå mellomalderen har Mo vore kyrkjestad. Før 1350 var Mo eige kyrkjesokn. Mo låg strategisk til mellom innlandsbygdene og sjøvegen. Folk kom ovanfrå både frå Modalen og Eksingedalen når dei skulle til kyrkje eller byen. Det tok 12 timar å ro frå Mo til Bergen.

Fram til 1976 var fjorden einaste vegen ut av dalen. Kommunen fekk tunnel til Eksingedalen i 1976 og i 1996 kom det veg langs fjorden til Romarheim. Lyrikaren Olav Nygard var fødd på fjellgarden Krossen øvst i Modalen.   

Modalen er innfallsporten til Stølsheimen, eit av dei finaste fjellområda på Vestlandet.