Nesheimsfjellet

Vegen mellom Nesheim og Brekkhus er ca. 10 km lang og går over Nesheimsfjellet som ligg ca. 700 moh. Dette er høgste punktet i Sløyfa. Det er fantastisk utsikt over dalane Eksingedalen og Teigdalen. Om sommaren delar reisande vegen med geit, sau og kyr som er på beite. Nesheimsfjellet er eit glimrande utgangspunkt for å byrja ein tur. Heile vegen vart i 2007 utvida og nyasfaltert.