ALLEMANNSRETT: Den Grøne Sløyfa går gjennom store områder med utmark, der ein kan telta, plukka bær, sopp og blomar, bada i elvar og sjøar. Det er viktig at ein vernar naturen, tek omsyn til dyr, og er varsam med open eld.

VEGANE: E 39 til Romarheim og RV 569 til Mo. E 16 til Dalseid eller Evanger.

STØLSVEGAR: Det er merka stølsvegar som fører frå Den Grøne Sløyfa og inn i fjellheimen.

ANLEGGSVEGAR: Den store kraftutbygginga i området, har ført til bygging av mange anleggsvegar, som også er opne for vanleg trafikk. Hugs at du køyrer på eige ansvar.

AVSTANDAR:

Til Den Grøne Sløyfa:

Bergen – Mo: 83km
Bergen – Dalseid:
Voss - Evanger: 20km

Innenfor Den Grøne Sløyfa:

Dalseid - Eidsland: 21km
Eidsland - Mo: 13km
Eidsland - Nesheim: 33km
Nesheim – Gullbrå: 10km
Nesheim – Brekkhus/Århus: 11km
Brekkhus/Århus – Evanger: 13km
Evanger – Bolstad: 10km
Bolstad – Dalseid: 10km

SYKKELVEG: Den Grøne Sløyfa er merkt som Nasjonal sykkelveg nr. 4.

 

Jakt og fiske

Med mange elvar, vatn og fjordar, samt vidstrakte fjellvidder er Den Grøne Sløyfa eit eldorado for jakt og fiske. Det er fredningstider for jakt. Oppslag om lokal jakttid finn ein på nærbutikkane og hjå den enkelte grunneigar eller grunneigarlag.

SJØFISKET er godt i fjordane langs Sløyfa, det er ofte mykje makrell sommarstid.

LAKS OG AURE går opp i den nedste delen av Ekso og Teigdalselva. Fisket er regulert, og fiskekort må kjøpast.

BRUNAURE finst i Ekso og Teigdalselva, samt i mange vatn. For Teigdalen kan fiskekort kjøpast hjå Patina Evanger. I Eksingedalen kan ein kjøpa fiskekort hjå den enkelte grunneigar eller på nærbutikken på Lavik. Mellom Vetleglupen og Flatekvalsfossen, er det ei kultiveringssone. Sjå etter oppslagstavler for meir info.

SMÅVILTJAKT er mogeleg både i Eksingedalen og Teigdalen. Grunneigarlaga og den enkelte grunneigar sel jaktkort.

STORVILTJAKT høyrer grunneigarane til, og jakta krev avtale med dei einskilde grunneigarane.