Ski i Den Grøne Sløyfa

Den Grøne Sløyfa er eit eldorado for skigåing, og mange stader har skiføre 6 månader av  året.  Her tek ein skiturar på ”gamlemåten” - utan skiheis men med fellar og klister – og her kan ein oppleve kvite vidder heilt for seg sjølv.

Terrenget er variert.  Her finn du stader som passar for barnefamiliar med pulk og akebrett, og her er utfordringar til dei som vil kjøre telemark ned bratte fjellsider.  Her kan ein ta rolege dagsturar til næraste støl, eller ein kan ha fjelltoppar som Kvitanosi eller Mykkeltveitveten som krevjande turmål.  På ettervinteren er det fleire kvista løyper frå Sløyfa til turisthytter i Stølsheimen og Bergsdalsfjella.