Sykkel i Den Grøne Sløyfa

Den storslagne naturen i  Den Grøne Sløyfa er fantastisk å oppleve frå sykkelsetet.  Du kan sjølv bestemme lengda på sykkelturane, om du vil ha små eller store utfordringar - eller berre vil nyte livet som sykkelturist i Sløyfa.

Deler av Nasjonal Sykkelveg nr. 4 går gjennom Den Grøne Sløyfa. Denne er knapt 90 km og startar på Evanger, går opp Teigdalen og over Nesheimsfjellet til Nesheim, ned Eksingedalen til Eidsland, og ut langs fjorden til Dale.  Ein kan leige sykkel hos Aktiv i Modalen på Mo, og på Evanger- og her kan ein óg tinga transport opp Brekkhuslia.